Illustrasjon-arsmote

Årsmøte:

Årsmøte i pårørandeforeininga ved SOS

Onsdag 18. januar var det årsmøte i Pårørandeforeininga på dagsenteret ved Sveio omsorgssenter (SOS).

Det var sendt ut innkalling til alle brukarar og pårørande ved SOS i Sveio kommune. Samt til administrativ og poiltisk leiing.

12 personar møtte, og leiar i Pårørandeforeininga, Jan Enerstvedt, var møteleiar. Årsmelding og rekneskap vart godkjent. Det var ingen innkomne saker.

Styret

  • Jan Enerstvedt, var ikkje på val
  • Einar Helleland, var ikkje på val
  • Astrid Sveen, var ikkje på val
  • Margareth Tislevoll, var ikkje på val
  • Ingebjørg Kvalvågnes, var ikkje på val
  • Helge Sveen vart vald som revisor i 2024

Aktvitetsplan

Aktivitetsplan for 2024 blei godkjent. Jan jobbar vidare med innhald på kaffikos. Stad for blåtur blir bestemt seinare. Aktuelle alternativ kan vera Kaien i Førde, Havnaberg Eldresenter og Aksdal.

Informasjon frå Sveio kommune

Einingsleiar ved SOS, Camilla Selbak orienterte om noverande situasjonen og framtidsplanar ved SOS. Aktivitør Mirjam Simonsen orienterte om aktivitetane ved dagsenteret.

Leiar i hovudutval for helse- og omsorg i Sveio kommune, Arne Valen, orienterte om arbeidet i utvalet og kven som er med i hovudutvalet denne perioden. Han kom med råd til Pårørandeforeninga om å vera deltakande på viktige høyringar  og ny helse- og omsorgsplan. Og å delta på ein planlagt fag/temadag.

Margareth Tislevoll,
styremedlem