Kjell Gunnar Nymak i  Sveio Lions.
Kjell Gunnar Nymak i Sveio Lions. FOTO: Einar Vestvik (arkiv)

Lions inviterer til turmarsj

Lions Sveio inviterer førstkomande søndag til turmarsj på den gamle kyrkjestien til Mølstre med retur. Start og mål blir på Fjellstad, og deltakarane kan sjølv velje kor langt dei vil gå. Det blir trekning av ein hovudpremie blant dei påmelde. Elles blir det servert forfriskingar ute i løypa. Det blir også lagt opp til natursti med divese spørsmål i løypa.

Det er første gang denne marsjen, kalla Lions-marsjen, blir arrangert. Arrangøren håpar at mange vil delta og koma seg ut i naturen etter ein lang vinter. Sveio Lions har som mål at dette kan bli eit årleg arrangement framover. Sjå elles annonse i papiravisa.

Kjell Gunnar Nymark
Lions Sveio