Styret 2024 frå venstre: Elisabeth Hauge Bakke, leiar Arild Wiersen,  Olaug Fagerland, Sigfrid Olsen og Svein Mathias Lie. 
Styret 2024 frå venstre: Elisabeth Hauge Bakke, leiar Arild Wiersen,  Olaug Fagerland, Sigfrid Olsen og Svein Mathias Lie.  FOTO: PrivatBilde 1 av 2
Det var godt frammøte, og alle fekk med seg fotoforedrag av Lars Johan Lysen.
Det var godt frammøte, og alle fekk med seg fotoforedrag av Lars Johan Lysen. FOTO: PrivatBilde 2 av 2

Årsmøte:

Rekordår for Sveio Turlag

Torsdag 7. mars var det årsmøte i Sveio Turlag på Kysttunet i Auklandshamn med godt frammøte.

I tillegg til årsmøtesaker,  var det fotoforedrag av Lars Johan Lysen som viste flotte bilete frå turlagsturer.

2023 var eit aktivt år med rekordstor oppslutnad om turane, totalt 750 deltok på vår- og haustturane.

På årsmøtet var det også servering og god prat langs borda. Heile styret vart gjenvald med Arild Wiersen som leiar og Elisabeth Hauge Bakke, Olaug Fagerland, Sigfrid Olsen og Svein Mathias Lie som medlemmer.

Andre val:

Varamedlem: Hjørdis Kallevik og Aud Sveen (ny).

Turnemd: Elisabeth Hauge Bakke, Jan Enerstvedt og Arild Wiersen.

Valnemd: Kristina Enerstvedt, Hans Christian Sveen og Arne Valen.

Revisorar: Mikal Møller Hovda og Nils Kristian Haga.

Arild Wiersen
Referent