Einstadbøvoll helselag sine Syng med oss-treff på Sveio omsorgssenter har samla mange.
Einstadbøvoll helselag sine Syng med oss-treff på Sveio omsorgssenter har samla mange. FOTO: Privat

Årsmøte:

Gav 30.000 kroner til Sveio frivilligsentral

Einstadbøvoll helselag hadde sitt årsmøte på Ørevik grendahus 14. mars. Me hadde besøk av Gerd Jorunn Kristensen fra Sveio frivilligsentral som snakka om arbeidet til Kirkens bymisjon og frivilligsentralen i Sveio.

Styret i helselaget har vore:

  • Inger Bente Nilsen, leiar
  • Laila Agnete Hellvik, nestleiar
  • Elin Vandaskog, kasserar
  • Linda Valen, sekretær
  • Torun Frøkedal, studieleiar
  • Reidun Horneland, salskontakt
  • Gunda Bjørgen, styremedlem
  • Brit Karin Bruvik, varamedlem
  • Gunnbjørg Tapaninen, varamedlem
  • Revisor: Frode Gravelsæter
  • Valkomite: Ruth Eidsvåg og Tove Skaugerud

Gav av overskotet

Laila Agnete Hellvik, Linda Valen, Reidun Horneland og Brit Karin Bruvik tok ikkje attval.  Valkomiteen hadde innstillt Olga Schmall, Synnøve Strømøy, Bjørg Lise Vea Høyland og Silje Beate Vikse Valen, som alle blei innstilt med klapping.

Helselaget takkar gamle styremedlemmar for framifrå innsats i mange år og ynsker dei nye velkommen i styret.

Som eit resultat av godt overskot i laget vart det frå innspel i salen vedtatt å gi 30.000 kroner til Sveio frivilligsentral.

Høg aktivitet

Helselaget har mykje aktivitet. I året som har vore har laget hatt:

Helsetrim kvar måndag og turgruppe kvar torsdag. Torsdagar i oddetalsveker har laget Torsdagstreff.

Elles har laget besøkt Sveio omsorgssenter og hatt to Syng med oss-treff. Me har arrangert Hjartemasj og Hopp for hjarte-konkurranse. Me har arrangert kurs i lefebaking og soppkurs. Pensjonistturen gjekk til Bømlo. Helselaget hadde også stor opplsutnad i fjorårets demensaksjon.

Laget har vore med på open kyrkje, gitt frukt til Valestrand skule, og gitt støtte til Sisu 4H og barnehagen.

Året 2024 blir med dei samme satsingsområda. Ein tenkjer å ha eit datakurs og sommarturen går i år til Fjæra.

Inger Bente Nilsen
Referent