Sivilforsvaret testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søka informasjon i til dømes radio, tv, aviser, nettsidene til styresmaktene og sosiale medium, opplyser Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap (DSB) i ei pressemelding.
Rundt om i landet er det cirka 1 250 tyfonar som skal varsla befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukte både i fred og krig.
– I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff. Mens i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Sigurd Heier, som er fungerande sjef for Sivilforsvaret.
I Sveio er det vel heller liten sjanse for å høyra meldinga.
– Me har dessverre ikkje varslingsanlegg i Sveio pr. dags dato, opplyser Terje Hella, sivilforsvarsadjutant i Hordaland sivilforsvarsdistrikt.