– Det er all grunn til å koma seg ut, ikke minst i ei tid då mange er mindre aktive i kvardagen enn normalt. Koronasituasjonen hindrar oss ikkje i å driva friluftsliv, men me må gjera det på ein trygg måte, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Påska er tid for friluftsliv, men i år må mange planleggja andre aktivitetar enn dei er vant til.
Her er dei ni råda:
- Velg turar i ditt nærmiljø! Bruk fantasien og utforsk nye turmogelegheiter der ikkje alle andre går.
- Du trenger ikkje gå aleine – få med deg resten av husstanden på tur!
- Rast med god plass. Ta med mat, drikke og handsprit, og kos deg på tur.
- Ta vare på naturen vår, me trenger den. Respekter dyre- og planteliv, og ta med deg søppel heim.
- Ver obs på brannfare! Fleire stader i landet er det veldig tørt og bålforbod.
- Bruk kart og kompass når du går utanom merka stier og løyper. Det finnest også mange gode appar og turportalar som kan hjelpa deg på vegen
- Snu i tide, og velg aktivitetar med lav risiko. Saman kan me unngå å belasta rednings- og helsetenester.
- Smil! Hald avstand til andre, men hels gjerne og smil til dei du møter på din veg.
- Hald deg oppdatert på råd og reglar frå helsemyndigheitene.
– Dersom me alle føl råda og viser hensyn, kan me med god samvittigheit vera utandørs i påska. Situasjonen trenger ikkje å vera eit hinder, men ein mogelegheit til å tenkja alternativt om aktivitetar og kvar du legg turen, seier miljødirektøren.
Utforsk nye turmogelegheiter
Det blir ingen påskekos på 440.000 norske hytter i år, og fleire enn normalt held seg heime. Ein må derfor finna aktivitetar i sitt nærområde.
– I byar og tettbygde områder er det spesielt viktig at ikkje alle legg turen til same stad. Ver kreativ og finn på aktivitetar du kan gjera utandørs utan å gå i flokk med andre, seier Ellen Hambro.
Gjennom påska vil dei store friluftsorganisasjonene vera aktive i sosiale medier og andre kanalar for å inspirera og vegleia om friluftslivsmogelegheiter.
Gode tips til aktivitetar og turmål finn du også på ut.no og på nettsidene til friluftsorganisasjonane.