Otto Inge Molvær ynskjer ikkje at ein skal servere alkohol på bokbad med Agnes Ravatn på Sveio folkebibliotek.
FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Otto Inge Molvær ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

Pol-jubel i Sveio

Vestavind 17/11 har dette som framsidesak og oppslag over to sider.

I fylgje forbrukarekspert Bjørn Helge Nygaard overvurderer ordføraren ein mogleg auke i omsetjinga av andre varer på bakgrunn av pol-etableringa i Sveio sentrum. Forretningane der går godt frå før. Det er i Auklandshamn og Valevåg det røyner på i så måte.

I reportasjen er det ikkje ytra eitt ord om moglege negative verknader av auka tilgang på alkohol. Nyleg fekk biblioteket godkjent skjenking av alkohol og no er det kommunal jubel for pol-etablering.

Det er ikkje noko eg kan gjere med det, diverre, men eg vil påpeike at også denne «medaljen» har ei bakside, og den er stygg. Det er klar samanheng mellom auka tilgang til alkohol, auka bruk og misbruk. Alkohol er vårt største rusproblem, og det er stort.

Otto Inge Molvær

Førde