Kystverket har nettopp overhalt seks-sju fyrlykter i Sveio. Alle lyktene har fått installert solcellepanel som energikjelde i staden for straum via nettet. I samband med dette er også ein del sjøkablar fjerna. Dessutan er sektorane i alle lyktene justerte etter såkalla IALA-standard (IALA står for International Association og Lighthouse Authorities).
Og det er dette sjøfarende kjem til å merka. IALA-standarden inneber at når du er under vegs mot ei fyrlykt i kvit sektor, skal du alltid ha grøn sektor på styrbord side og raud sektor til babord. I Noreg har dette vore meir tilfeldig. Nokre lykter har for eksempel berre hatt kvite (gule) og raude sektorar. Eitt eksempel på dette er lykta ved innseglinga til Mosterhamn i Bømlo.
Smalare sektorar
Nå blir dette endra på over heile landet, fortel kommunikasjonsrådgjevar Anne Grethe Nilsen i Kystverket. I alt er det 1.900 lykter som skal justerast, og det skal vera gjort innan 2025. Dei som foretok justeringene i Sveio, heldt fram sørover langs kysten.
I nokre høve er det ikkje berre fargane som er endra, forklarar nautikar Stian Revheim Sund i Kystverket vidare. I nokre tilfelle er også dei kvite sektorane gjort smalare enn før.
Dette skuldast delvis tekniske årsaker, men har også med tryggleik å gjera. Skip er blitt større og fritidsbåtar kan gå fortare enn før. Då trengst større marginar, forklarar Revheim Sund.