Onsdag kom styresmaktene og Folkehelseinstituttet med nye tilrådingar, som opnar opp for besøk til pasientar innlagde på norske sjukehus.
I tilrådingane er det framleis mange punkt som må ivaretakast, slik at besøk kan skje på ein trygg og god måte, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.
Det er også presisert at det må gjerast lokale tilpasningar, og det er opp til kvar enkelt helseføretak korleis ein organiserer dette.
– Må planleggja grundig
Helse Fonna skal difor sjå nærare på dette og vurdera tiltak, før ein opnar opp sjukehusa att for pårørande.
I råda frå FHI er det blant anna strenge reglar i høve til avstand, handhygiene, adgangskontroll, registrera og å avgrensa talet på besøkjande.
– Difor må me planleggja dette grundig, før me opnar opp att for besøkjande, slik at me ivaretek tryggleiken for pasientar og tilsette. Det er den viktigaste oppgåva vår. Så får vi komme tilbake med ein plan for dette i neste veke, seier adm. dir. Olav Klausen.