Personar som er 80 år og eldre, et meir fisk, frukt og grønt enn befolkninga elles. Få i den alderen røykjer, og dei drikk mindre alkohol enn dei fleste andre aldersgrupper. Det er blant funna i Levekårsundersøkinga om helse (EHIS), som ble gjennomført i fjor.
Meir fisk, frukt og grønsaker
Dobbelt så mange av dei eldste et fisk dagleg (12 prosent), samanlikna med befolkninga generelt (6 prosent). Dei eldre over 80, et også frukt og grønsaker dagleg i større grad enn yngre aldersgrupper.
Færre røykjer
Mange av dei eldre har vore daglegrøykjarar tidlegare, men dei fleste har slutta. I aldersgruppa 67-79 år er 12 prosent daglegrøykarar, medan andelen som røykjer dagleg, ligg på 10 prosent på heile befolkninga.
Fleire trenar
Eldre er også meir aktive enn før. 41 prosent av 67-79-åringar og 28 prosent av eldre 80+, går ein halv time eller meir kvar dag. I begge gruppene har det vore ein auke med omlag 10 prosentpoeng frå 2015. Samstundes er det færre som seier at dei aldri trenar.