Auklandshamn bygdalag har påtatt seg ansvaret om tilsyn med dagsturhytta som er ventande seinare i år, og har inngått avtale med kommunen.
Laget har også påtatt seg å grava av tomta, og sist laurdag, 12. september blei første spadestikk til hytta tatt av Alf-Helge Lien (Auklandshamn bygdalag) og John Kristian Økland (kommunestyrerepresentant).
Dugnad på laurdag
Dette markerte også starten på den første dugnaden. Neste kjem alt denne laurdagen, med håp om å få gjort resterande arbeid.
Det skal skrapast/gravast av eit fjell innafor det oppmerka området for dagsturhytta. Dei som ønskjer å vera med, er velkomne til å møta opp med Nærbutikken i Auklandshamn klokka 10.00. Det tar om lag 40 minutt å gå frå Stølen til hytteplassen.
Grafse, spade og bøtte kan vera lurt å ha med.
Alle si hytte
– Sjølv om tilsynet blir utført av Auklandshamn bygdalag, er det viktig å presisera at dette er alle si hytte. Me håpar derfor at alle rundt om kring i kommunen tar eigarskap i hytta som kjem, seier Marit P. Liknes i Sveio kommune, prosjektleiar for bygging av dagsturhytta.