Torsdag hadde (f.v.) kyrkjeverje Ottar Krakk og sokneprestane Arild Steinsland og Gisle Sørhus møte om korona-situasjonen.
Torsdag hadde (f.v.) kyrkjeverje Ottar Krakk og sokneprestane Arild Steinsland og Gisle Sørhus møte om korona-situasjonen. FOTO: Privat

Avlyser gudstenester, gravferder vil bli gjennomført

Kyrkja i Sveio avlyser gudstenester og alle arrangement for barn og unge. Gravferder vil bli gjennomført. Også Pinsemenigheten Filadelfia i Auklandshamn avlyser sine arrangement.

Søndag skulle det ha vore gudsteneste på Eikeland, og 22. mars i Sveio kyrkje. Begge er avlyste, og familiar som har meldt inn dåp vil bli kontakta.

– Gravferder vil bli gjennomført. Det vil i samråd med pårørande og gravferdsbyråa bli vurdert korleis gjennomføringa skal vera, då me ikkje ønskjer unødig mange personar i gravferda, skriv kyrkjeverje Ottar Krakk og sokneprestane Arild Steinsland og Gisle Sørhus i ei pressemelding.

Ung Messe i Valestrand Kyrkje 29. mars vil ikkje bli gjennomført som planlagt. Det vil bli gudsteneste, men i ei enklare form. Når det gjeld fasteaksjonen 31. mars og konfirmasjon i mai, vil ein koma tilbake til gjennomføring av desse.

Mange aktivitetar avlyst

Det er bestemt å avlysa all aktivitet for barn og unge, og følgjande er avlyst:

Barnekor, aspirantkor og Vokalgruppe avlyser sine øvingar inntil vidare. Tweensklubb. Kyrkjechill. Aktivitetsdag for 2.-klassingar måndag 16. mars. SveiSing og barnegudsteneste tysdag 24. mars.

– Me henstiller til lag og foreiningar som nyttar soknehuset og kyrkjene til sjølv å vurdera sine aktivitetar. Vi er kjend med Ad-Libitum og Barnesang allereie har avlyst sine øvingar og samlingar.

Kva som vil skje med konsertane i Kulturkyrkja dei næraste vekene, konsert med Elin Furubotn 22. mars og «Vegen gjennom Bibelen» med Per Hjemdal 26. mars, vil bli vurdert i løpet av kort tid.

– Vil følgja situasjonen nøye

Pinsemenigheten Filadelfia i Auklandshamn avlyser alle arrangement i den perioden som er omfatta av regjeringa sin nye tiltakspakke mot koronasmitte. Så lenge barnehagar og skular er stengde, blir det heller ikkje søndagsgudstenester, bønnesamlingar eller samlingar for barn og unge på Filadelfia.

– Leiinga vil følgja situasjonen nøye og halda seg orientert om styresmaktene sine tiltak. Me vil halda våre kontaktar og møtebesøkjande orienterte via nettstaden pfa.no og på Filadelfia sine facebook-sider, sier forstandar Einar Vestvik.