35 pensjonistar frå Pensjonistforbundet Sveio var med på årets sommarbusstur. FOTO: JAN OTTAR ERIKSEN
35 pensjonistar frå Pensjonistforbundet Sveio var med på årets sommarbusstur. FOTO: JAN OTTAR ERIKSEN

Pensjonistforbundet på sommartur

Tysdag 6. juni drog 35 pensjonistar frå Pensjonistforbundet Sveio på årets sommarbusstur
dagstur til «Hardanger Rundt» med Reise Experten som planlegger.

Starten gjekk frå Sveio sentrum tidleg morgon, og til første stopp på Åkrafjordtunet for ein hurtig frukost, før turen gjekk vidare gjennom Odda og vidare langs vestsida av Sørfjorden til ein kort stopp på Agatunet, med orientering om Norges einaste klyngetun med mange gamle hus og tingstove frå 1700 talet.

Vidare til Utne og ferja over Hardangerfjorden  til Kvandal, og innover langs fjorden til Granvin og over Hardangerbrua til Kinsarvik til ein betre middag med røye med tilbehør til, og god dessert med is og rabarbra-/jordbærsuppe og kaffi til.

Etter ein god times pause bar det vidare sørover nå langs austsida av Sørfjorden på den ekstremt smale og svingete vegen her, der det vart mange stopp for møtande trafikk og vegarbeid, gjennom Odda og til Åkrafjordtunet igjen til herlege vafler, syltetøy og kaffi.

Ettersom dette var siste stopp på turen var det tid for fotografering, som vår faste fotograf Jan Ottar Eriksen behørig tok seg av, og som er synleg her.

Vel tilbake i bussen for siste etappe  takka Berit Askevold Eriksen frå Turnemnda alle som var med på turen, pluss sjåføren Egil Håvik som så perfekt sørga for at me kom vel fram.

Ruth Fosse Eidsvåg takka og for ein flott tur, god sjåfør, og gleda seg over at me igjen fekk treffa «Connie», Konrad Bårdsen som guide, med gode historier og godt humør.

Så gjekk turen strake vegen heim til Sveio. Heile dagen hadde med strålande sol, blanke vatn og fjordar, med temperatur frå 14-19 grader.

Einar T. Halleland
Pensjonistforbundet Sveio