God mat vart servert på kaien i Førde.
FOTO: PRIVAT
God mat vart servert på kaien i Førde. FOTO: PRIVATBilde 1 av 3
Deltakarane fekk god utsikt til maten.
FOTO: PRIVAT
Deltakarane fekk god utsikt til maten. FOTO: PRIVATBilde 2 av 3
På kaien i Førde vart det fortalt om den sentrale rolla plassen hadde i gamle dagar.
FOTO: PRIVAT
På kaien i Førde vart det fortalt om den sentrale rolla plassen hadde i gamle dagar. FOTO: PRIVATBilde 3 av 3

Pårørandeforeningen på blåtur

Sist torsdag var ei stor gruppe bebuarar og tilsette fra omsorgssenteret på «blåtur» rundt om i kommunen vår. I flott sommarver inntok dei vel 40 passasjerane bussen, godt hjelpte av flinke folk fra pårørandeforeininga og dei tilsette.

Turen gjekk nordover Tjernagelvegen forbi Bua, Tjernagel, Auklandshamn til Rød. På vegen fortalde reiseleiar Jan Enerstvedt litt om stadene me køyrde forbi, ofte supplert av anekdoter frå turdeltakarane. Mange som var med var godt kjende og hadde budd i bygdene her før, og dei syntes derfor det var kjekt å få sjå sine eigne og naboane sine hus og eigedomar igjen.
Målet for turen var Førdebygda, som denne dagen viste seg frå si beste side i solskin og med over 20 grader. På Kaien i Førde stod maten klar, og me fekk servert herleg fiskesuppe med brød til. Dessertbordet bestod av både karamellpudding og Dronning Maud. Og sjølvsagt kaffi til. Etter måltidet fortalde Jostein Ottesen om den sentrale plassen kaien i Førde var i gamle dagar. Han fortalde og historia om bakeridrifta i Førde som han sjølv var ein del av i oppveksten. Den gongen var det heile 3 bakeri som delte på å selja brød og bakevarer  i Sveio – idag er det ingen igjen.

Stor takk til alle som deltok og hjelpte til. Særskild takk til sjåfør Nils Kristian Haga frå Tide buss som losa oss trygt og rolig fram og tilbake. Pårørandeforeininga ved Sveio omsorgssenter var arrangør av blåturen – støtta av SOS.

Jan Enerstvedt, leiar
pårørandeforeininga ved Sveio omsorgssenter