Bildet er frå ein tidlegare tur frå Fjonelva tilbake til Fjon mellom anna via Gullhaugvatnet.
Bildet er frå ein tidlegare tur frå Fjonelva tilbake til Fjon mellom anna via Gullhaugvatnet. FOTO: Elisabeth Hauge Bakke

Sesongstart med tur til Nordskogfjellet

Sveio turlag startar haustsesongen 22. august med tur til Nordskogfjellet. Grøn resept-turane for hausten byr på mange ulike turar fram til oktober, men årets aller siste tur går 26. desember.

På ein del av turane er det også med kjentfolk som fortel om området ein går i. Mellom anna historie, korleis det var å veksa opp der og handel og samferdsle. Gode bakevarer er også lagt inn på ein av turane, og i november er det kosekveld med fotoforedrag.

Det er med andre ord mykje å gleda seg til, og turar som passar for mange.

August

Tysdag 22. august tur til Nordskogfjellet. Lars Tore Nordskog vil fortelja historiar frå då han vaks opp på Nordskog. Grunna ammekyr på beite i området, ber turlaget om at ingen tek med hundar!

Søndag 27. august tar Ingvar Nymark turfølget med på ei vandring til Staupefjellet (340 m.o.h.) og Hopsfjellet (333 m.o.h.) på delvis merka sti.

September

Søndag 3. september er Karl Spissøy kjentmann på ei historisk vandring i kulturløypa på Spissøy, Bømlo kommune. På Bakstehuset Spissøy kan ein få kjøpa gode bakervarer.

Tysdag 5. september går turen frå Eltravåg bedehus til garden Kleiva. Harald Hunsbedt vil fortelja om liv og lagnad i tidlegare tider. Grunna dyr på beite må ein ikkje ta med hundar!

Søndag 10. september vert det ei vandring frå Heio til Stovegolvet (703 m.o.h.), Stord kommune. Ein om lag 2,5-3 timar middels krevjande tur.

Tysdag 12. september skal turlaget til Landsåt. Frå Eltravåg bedehus køyrer ein i lag til Lyngholmsvegen. Derfrå går turen «gamlevegen» mot Lyngholm, og kjem inn på turstien mellom Lyngholm og Ryvarden.

Søndag 17. september vert det ein tur til Tveitfjellet (136 m.o.h.). Frå avkøyring E39 ved Hokla/Tveit køyrer ein i lag til Liv Liknes Halleraker for parkering.

Tysdag 19. september går turen til Hovdafjellet. Frå avkøyrsle til Kvitanes sør for Buavåg, følgjer ein Gullstien og Gullvegen til Hovda, og går derfrå på grusveg, skogsveg og sti til Hovdafjellet.

Søndag 24. september skal turlaget gå frå Tittelsnes fort til Røysanes. Dersom det er godt vêr tek ein heimturen langs sjøen på vestsida av Tittelsneshalvøya.

Tysdag 26. september vert det ein rundtur på Tjernagel – ei kulturell vandring til den gamle handelsstaden «Haven» på Tjernagel. Jan Enerstvedt med fleire vil fortelja om handel og samferdsle i gamle dagar.

Oktober

Søndag 8. oktober går turlaget ein middels krevjande tur frå speidarplassen på Lier opp til Lierfjellet

November

Torsdag 9. november er dato for den årlege «Kosekvelden» på Kysttunet i Auklandshamn. Jan Kåre Ness vil halda eit fotoforedrag med flotte bilete frå Hardangervidda før turlaget serverer rundstykker med meir.

Desember

Tysdag 26. desember går den årlege «2.juledagsvandringa» av stabelen, med start frå Sveio golfpark Ta familie og vener med på ei fin vandring der turlaget serverer varm julegløgg.

Elisabeth Hauge Bakke,
for Sveio turlag