Slik også i år. Sveio Orienteringslag sitt årlege friluftsarrangement for folk i alle aldrar blei ein suksess også denne søndagen. Dei om lag 200 deltakarane kunne med kart i hand rusla rundt i den flotte parken langs stranda og finna fram til dei ulike aktivitetspostane.
Der kunne deltakarane testa kor treffsikre dei kunne vera mot blink med pil i hand. På ein annan post var det høve til testing av styrke og uthaldenheit. Medan stoppeklokka tikka, skulle vassbøtter haldast vinkelrett ut frå kroppen med strake armar.
Dobbeltsiger
Olav Bergersen heldt ut lengst blant dei yngste, medan Bodil Melkevik gjekk til topps i dameklassa og Magnus Notland i herreklassa.
Vaksenklassa i pilkasttevlinga blei vunnen av Ingunn Hidle, medan Olav Bergersen var mest treffsikker blant dei yngste.
I Sveio O-lag si tevling, speedorientering, var det mange ihuga deltakarar. Her blei det trekt ut to heldige premievinnarar, Mikkel Odd Sandaker og Aksel Økland.
Kjekke aktivitetar
Som medarrangørar av årets Finn Fram-dag hadde Sveio O-lag med seg Sveio Turlag og Førde-speidarane. Kajakkpadling med god vegleiing og instruksjon kunne Førde-speidarane tilby til alle som ville prøva. Etterpå kunne deltakarane få ferske pinnebrød rett frå bålet.
Særs populær var også Sveio O-lag sin kiosk der kaker, vaflar og pølser raskt gjekk unna. Alle aktivitetspostane langs stranda og i Rexgarden var teikna inn på kart, som deltakarane fekk utdelt og kunne følgja. Alle som fullført aktivitetsløypa blei premierte.
Thomas Førde