Det var 125 påmelde barn frå 6 til 12 år. Om lag 30 ungdomar frå klubben stilte på dugnad som trenarar og instruktørar.
Det var 125 påmelde barn frå 6 til 12 år. Om lag 30 ungdomar frå klubben stilte på dugnad som trenarar og instruktørar. FOTO: Thomas Vallestad DragesetBilde 1 av 4
Fra venstre : Amin, Heine og Adrian.
Fra venstre : Amin, Heine og Adrian. FOTO: Ine Salte AndersenBilde 2 av 4
Patrick Grutle og Jaffar.
Patrick Grutle og Jaffar. FOTO: Siw L JohansenBilde 3 av 4
Gunn Kristin Kilnes Nornes, Rebekka Lye, Mathilde Lye. Svein Ivar Bøe i bakrgrunnen,
Gunn Kristin Kilnes Nornes, Rebekka Lye, Mathilde Lye. Svein Ivar Bøe i bakrgrunnen, FOTO: Ine Salte AndersenBilde 4 av 4

Extra fotballskule

Extra fotballskule vart gjennomført for første gong i helga 1. til 3. september.

Alle deltakarane og nokre av instruktørene.
FOTO: Bente Arnesdatter Torkildsen

Tradisjonen har vore at Sveio IL årleg arrangerer Tine fotballskule. I år var dessverre påmeldinga full hos Tine, og me måtte tenkje nytt. Me kontakta Extra Sveio og butikksjef Rebekka Lye. Ho var positiv frå første stund!

Det var 125 påmelde barn frå 6 til 12 år. Om lag 30 ungdomar frå klubben stilte på dugnad som trenarar og instruktørar. I tillegg hadde me rundt 50 frivillige som bidrog. Dei hjelpte både som rettleiarar ute på banen, med matlaging, rydding, organisering og vasking.

Alle deltakarar og frivillige fekk varm mat og frukt kvar dag. Laurdag stilte Extra opp og serverte nysteikte vaflar, jordbær og yoghurt.

Helga gjekk over all forventing. Nøgde barn, både på banen og under ein velfortent pause i sofaen eller ved matbordet. Smilande ungdomar som fekk særs mykje skryt for innsats og rettleiing av ivrige fotballspelarar. Og ikkje minst, nøgde, flinke og driftige foreldre og frivillige som stod på og laga mat til 200 stykk på strak arm.

Takk for deltakinga og innsatsen både store og små. Takk til samarbeidspartnar Extra Sveio.
Me gler oss til fotballskule 2024.

Ine Salte Andersen
Leiar fotball Sveio Idrettslag