38 fastbuande og hyttefolk møtte opp i ungdomshuset på Oa, ivrige etter å få vite meir og bli kjende med naboane.
38 fastbuande og hyttefolk møtte opp i ungdomshuset på Oa, ivrige etter å få vite meir og bli kjende med naboane. FOTO: PrivatBilde 1 av 4
38 fastbuande og hyttefolk møtte opp i ungdomshuset på Oa, ivrige etter å få vite meir og bli kjende med naboane.
38 fastbuande og hyttefolk møtte opp i ungdomshuset på Oa, ivrige etter å få vite meir og bli kjende med naboane. FOTO: PrivatBilde 2 av 4
Det vart også servert mykje godt å bita i.
Det vart også servert mykje godt å bita i. FOTO: PrivatBilde 3 av 4
Det vart også servert mykje godt å bita i.
Det vart også servert mykje godt å bita i. FOTO: PrivatBilde 4 av 4

Mange kom på historiekveld

Førre fredag var det bygdekveld i ungdomshuset på Oa, og 38 fastbuande og hyttefolk møtte opp, ivrige etter å få vite meir og bli kjende med naboane. Gro Lid fortale historia som far hennar, Anders Lid, hadde skrive ned om livet slik det var før, under og like etter krigen. Det var mange av tilhøyrarane som humra gjenkjennande og også hadde litt å føye til historia.

Otto Inge Moldvær, tilflyttar og gift med Grete, viste bilder frå alle gardane på Oa, og gjestane kunne hente seg kaffi og mat.

Bygdegruppa har eit stort ønske om å få tak i alle dei lokale namna som finnest for å kunne ta vare på dei og plotte dei inn på eit kart.

Oabuen

Dei siste par åra har fastbuande og hyttefolk i bygda på vestsida av Ålfjorden bestemt seg for å gjere noko for fellesskapet og for bygdekulturen. For eit par år sidan danna dei ei gruppe då det blei kjent at alle eiendommer med gardsnummer 107 har tilgang til eit fellesareal nede ved Oavika. Det ble gjort til fellesareal ved jordskifte i 1982. Der står det at dersom fleirtalet av eigarane det gjaldt var samde, kunne dei disponere denne tomta i fellesskap.

– Me fekk fleiral for vårt syn, og så var me i gong, seier Eva Thorbjørnsen.

– Me, Kristin og Eva, vil gjerne skape meir fellesskap her på Oa, og då er det heilt avgjerande at me har stader der me kan møtast. Når me har eit slikt flott område, kan me hjelpe til slik at det blir kjekt å treffast, prate, dele historier og bli kjende med kvarandre, seier Eva engasjert.

– Me har mange planar vidare for fellesområdet i Oavika. Me søker forskjellige institusjonar om midlar, slik at me kan ha litt å jobbe med, fortel Eva

Nå håper ho at det er fleire som oppdagar dette gode tiltaket, og at dei vil vere med på å gjere Oa til ein endå betre stad å bu og å vere.

Flott strandområde

Området det er snakk om er ei fin strandline på Oavika. Første oppgåve var å rydde skog, og dei fekk med fleire av bygdefolka. Det blei fint og ope, og etter kvart kom det benker på plass. I løpet av dette året har dei hatt tre samlingar, og har planar om eit par samlingar til.

– Me har hatt søndagskaffi på stranda, og då me hadde skoga, var det mykje greiner som me kunne bruke til bålbrenning. Då blei det krabbefest i sommar, men vëret var ikkje det beste, og då rydda Kristin ut av naustet sitt. Det blei sett inn bord og benker og så samlast me der. Det var svært hyggeleg. Kom og bli kjent med kvarandre, og la oss lage eit fellesskap saman, oppfordrar Eva Thorbjørnsen.

Marit Tvedt