Hespriholmen si 6.000 år lange historie som kjelde for steinsøksene på Sør-Vestlandet er sjølvsagt ein kjerne i vår geoparks tematikk, skriv Brynjar Stautland.
Hespriholmen si 6.000 år lange historie som kjelde for steinsøksene på Sør-Vestlandet er sjølvsagt ein kjerne i vår geoparks tematikk, skriv Brynjar Stautland. FOTO: Geopark Sunnhordland

«Geopark Sunnhordland, kva og kvifor?»

Den siste tida har det vore merksemd i media på Geopark Sunnhordland og den nyvunne UNESCO-statusen, ikkje minst sidan den internasjonale konferansen me deltok på i Marokko vart råka av jordskjelv som fekk fatale følgjer for mange menneske rundt oss.

Geologiske krefter kan vera øydeleggande for menneska, men byggjer kontinenta me lever på og gjev grunnlag for samfunna me lever i. Slik tilfellet i svært stor grad er for Sunnhordlands berggrunn.  Men kva er eigentleg Geopark Sunnhordland, kven eig den, korleis er den finansiert og kva skal den gjera?

Building Continents and Societies er tittelen på den omfattande søknaden me sende til UNESCO Global Geoparks hausten 2021, som vart godkjent i vår og som me fekk høgtideleg diplom for i Marrakech i september. Søknaden viser korleis grensene for geoparken fylgjer yttergrensene til sunnhordlandskommunane på land, og botnlinja mellom dei ytste øyane ute i havet. Totalt areal er 4.700 km2 der 37 prosent er sjø.

Vår Kheops-pyramide, vårt Stonehenge

Søknaden forklarer kva det er med Sunnhordland sin geologi som er spektakulært og tildels unikt på internasjonalt nivå. Den viser kvar i terrenget geologane kan sjå korleis kontinent vert skapte, og kvar ein finn den «unge» vulkanske øyboge-vulkanismen som har gjeve folket i Sunnhordland den store rikdomen av nyttige bergarter.

Søknaden fortél óg korleis Sunnhordland har utvikla seg gjennom tusenåra fram til i dag. Hespriholmen si 6.000 år lange historie som kjelde for steinsøksene på Sør-Vestlandet er sjølvsagt ein kjerne i vår geoparks tematikk. Den er vår Kheops-pyramide, vårt Stonehenge. Søknaden fortél óg korleis istidene tydeleg har forma fjell- og fjordlandskapet vårt og korleis det biologiske mangfaldet er grodd på dei naturgjevne premissa som ligg i dette landskapet.

For oss som bur her er landskapet vårt kjent, vått og «vanleg». Men Sunnhordland byr på ein ekstrem variasjon i landskap på eit svært konsentrert område; frå nakne skjér i øyarkipélet til alpine fjell som stuper bratt ned i lange fjordar frå kvite fenner. Og her er reint, friskt og lite folk, openberre verdiar for både fastbuande og potensielle gjester, og eit premiss for utvikling av geoparkar er at reiseliv vert utvikla utan å gå på bekosting av dei verdiane dei fastbuande set pris på.

Loddet var kasta

Sunnhordland er tradisjonelt ein fiskeri- og industriregion, med langt mindre tradisjon for turisme enn regionane rundt oss. Og styrking av ei bærekraftig reiselivsnæring var eit hovudmotiv for ordførarane i Sunnhordland då dei starta geopark-prosjektet i 2015. I forkant av bestillinga hadde Steinparken i Rosendal og Steinriket Bømlo fått positiv merksemd i ålmenta, korpå dåverande ordførar i Bømlo, Odd Harald Hovland, føreslo for Samarbeidsrådet å sjekke muligheten for ein UNESCO Global geopark.

Slik status kunne gje Sunnhordland eit internasjonalt kvalitetsmerke som seier at «til Sunnhordland er det verdt å ta turen», med mål om ei reiselivsnæring strengt basert på bærekraftsmåla. Fylket stilte med pengar til prosjektet, og fagmiljøa innan geologi og arkeologi vart spurd om å vurdere ambisjonen reint fagleg.

Dette munna i ei positiv profesjonsutsegn, og deretter takka fem arkeologi-og geologiprofessorar ja til å bidra med fagleg grunnlag for den omfattande UNESCO-søknaden. Arbeidet byrja i 2017, og søknaden vart sendt i november 2021. Loddet var kasta!

Tilsette og finansiering

For å bli vurdert som UNESCO geopark må søknaden sendast frå eit registrert selskap som har vore i drift i minst eitt år, med føreseieleg økonomi og tilsett geolog på fulltid. Dei fleste av dei 195 UNESCO-geoparkane rundt om i verda har 3-4 tilsette, nokre opptil 60.

For Geopark Sunnhordlands del er stoda slik: Sunnhordlandssrådet eig Geopark Sunnhordland AS, styret er samansett av 7 personar med Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim som leiar, og der kommunane i Sunnhordland samla bidreg med ca. 850.000 kroner i årleg driftsstøtte.

Vestland fylkeskommune bidreg med 250.000 årleg, og for 2023 får me på grunn av  UNESCO-statusen 1 million over statsbudsjettet. Sunnhordland Kraftlag bidreg óg noko til drift, medan Sunnhordlandsrådet bidreg med rekneskapstenester. Staben er elles liten; underteikna er dagleg leiar, og geolog er tilsett på fulltid frå frå november 2023. Hovudkontoret er i Moster amfi, og amfiet, Sunnhordland Museum og Folgefonnsenteret er våre besøkssentra som allereie formidlar natur- og kulturarven i Sunnhordland.

Korleis omsetta UNESCO-statusen?

Alle investeringar, til dømes skilting i heile regionen, må finansierast via søknader til bankar, fond, direktorat etc. Skilt for 1 million vart laga og sett opp i løpet av 2022, hovudsakleg finansiert av SIM-fondet. Dette arbeidet er i stadig prosess, tilliks med profilering av geoparken langs E134 og E39. Det skal bli synleg og tydeleg at Sunnhordland er ein stolt UNESCO geopark. Me har óg teke initiativ overfor Statens vegvesen og Vestland fylke til ein stor prosess med skilting til sjåverdigheitar i Sunnhordland.

Men korleis omsét me UNESCO-statusen til eit effektivt redskap? Vega Verdsarvområde erfarte at statusen frå 2005 vart effektiv for utviklinga av reiseliv i sitt vesle øyrike, på godt vis. Men det skjer neppe berre ved å heise flagget.

Difor har me no eit pågåande forskingsprosjekt ilag med Vestlandsforsking som skal svare på spørsmålet: «Korleis kan Geopark Sunnhordland bli eit attraktivt og berekraftig reisemål?» Dette arbeidet vil gje føringar for vidare utvikling av geoparken, ei utvikling som alt har byrja; På oppdrag frå Stord kommune organiserte geoparken det vellukka guide-tilbodet ved Gruvemuseet på Litlabø denne sommaren, saman med Venelaget for Gruo.

Bygger verdiar

Det er ingen andre fenomen eller objekt i Sunnhordland som kan gje regionen UNESCO-status. Statusen vert revurdert av UNESCO kvart 4. år, og er ein solid berekrafttest på vår formidling, drift og relatert reiseliv. UNESCO-statusen opphøyrer dersom selskapet vert lagt ned.

Dei 60 lokalitetane Fagrådet har peika på, og som er markerte i geotur-kartet vårt, er ikkje freda meir enn eventuelt Riksantikvar og offentlege planar eventuelt har gjort, men er stader det er naturleg å ha eit spesielt omsyn til gitt den anerkjenninga me har fått med statusen som UNESCO Global Geopark.

No er statusen endeleg i boks, og i høve undervisning startar me denne hausten eit stort Erasmus-prosjekt saman med HVL, UiS og tre andre UNESCO-geoparkar i Europa. Saman med lærarskulane tilknytt kvar geopark skal me bygge opp undervisningsmåtar tilpassa deltakar-geoparkane sin tematikk. Dette er eit eksempel på korleis ein bygger verdiar for regionen med UNESCO-statusen i handa.

Politikarane i Sunnhordland har støtta geoparken frå starten, og me er avhengige av at ein både lokalt, regionalt og nasjonalt ser verdien av geoparken med UNESCO-status. Og formidling, forteljing og synlege resultat av arbeidet vil vera ei kontinuerleg utfordring for styre og tilsette i Geopark Sunnhordland.

Sjekk gjerne nettsida vår geoparksunnhordland.no, og ta kontakt dersom de har ynskjer, idear og spørsmål.

God tur ut!