Smertelege Audun Aas gav hausten 2018 ut «Smerteboken – fra vondt til bedre».
Smertelege Audun Aas gav hausten 2018 ut «Smerteboken – fra vondt til bedre».

Smertelege kjem til Senioruniversitetet

Måndag 23. oktober kjem smertelege Audun Aas til Senioruniversitetet i Sveio. For å vita litt kva dette foredraget går ut på, tar me med hans eiga skildring av arbeidsområdet sitt:

Han er anestesilege og arbeider no deltid på Smerteseksjonen ved Sykehuset Østfold. Hausten 2018 gav han ut «Smerteboken – fra vondt til bedre» på Dreyers Forlag, Oslo. Boka oppsummerer moderne kunnskap om smerte som fenomen og ulike smertetilstandar, inkludert behandlingsmogelegheiter. Den tar også opp smertehistorie, genetikk, psykologi, kjønnsforskjellar, placebofenomenet og smerte i ulike aldersgrupper.

Forsking avdekkar stadig nye og overraskande samanhengar, ofte på tvers av det ein  tidlegare trudde, men det meste av denne nye kunnskapen er ikkje alminneleg kjent. Eit stykke på veg gjeld dette også legar og anna helsepersonell. Kulturrådet har gjort vedtak om innkjøp av boka til norske bibliotek.

Så har du vondt nokon stad, anbefalar me at du tar turen til Vigdartun denne dagen.

Astrid Hovda