Måndag kveld samla det seg rundt 50 kvinner til Hauske-kveld i Frivilligsentralen sine lokale i Sambrukshuset. Søstrene Ester Rigmor Røthe og Rannveig Bøe frå tidlegare Hauske Konfeksjon hadde teke turen til Sveio, og dei gjorde kvelden ekstra interessant for dei frammøtte
Leiar i Sveio Bygdekvinnelag, Kristi Tveitaskog, ynskte velkomen og gav ordet raskt vidare til Ester Rigmor Røthe, som heldt eit foredrag om historia til Hauske Konfeksjon på Torvestad. Bedrifta vart bygd stein for stein, der prinsippet var først å tene pengane, for så å investere i ei stadig større bedrift
Ho tok oss med på ei reise frå start til mål med humor og varme.
Då Hauske Konfeksjon la inn årene i 1999, var det 52 tilsette Dei blei heidra med ei heilsides annonse i Haugesunds Avis. Dessutan fekk kvar tilsett ei krystallskål der bedriftsnamnet og året for nedlegging var inngravert. Det høyrer med til historia at dette utløyste applaus.
Etter foredraget vart ein del av modellane vist fram av Mathilde, Anja, Signe og Kristi. Ranveig Bøe kommenterte alle plagga og hadde stålkontroll på kva tid dei var sydde og kva stoff som blei brukt.
Av dei om lag 40 antrekka som var utstillt denne kvelden, var det berre to like kjolar. Og damene frå Hauske fekk gjensyn med plagg dei ikkje hadde sett på lenge
Berre det mangfold i stoff og design som blei vist fram denne kvelden, syner at søstrene Hauske var både kreative og formsikre, og dessutan opptekne av kvalitet
I beste Hauske-tradisjon blei det servert lappar og kaffi, medan drøsen gjekk livleg mellom dei frammøtte.
Kirsti Tveitaskog,
leiar i Sveio Bygdekvinnelag