Familiedagen baud på strålande vêr, aktivitetar, mat og mykje folk. Frå venstre: Frode Stølås,  Leah, Vilja, Eliasbeth Stølås, Hanne Elisabeth Vestvik og Emmeli i vogn
Familiedagen baud på strålande vêr, aktivitetar, mat og mykje folk. Frå venstre: Frode Stølås, Leah, Vilja, Eliasbeth Stølås, Hanne Elisabeth Vestvik og Emmeli i vogn FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 1 av 13
Hesteeigar Lena Stølås med ein av fjordingane.
Hesteeigar Lena Stølås med ein av fjordingane. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 2 av 13
Den kjekkaste aktiviteten for ungane, det var kø frå start til slutt. Lena, Oda (på hest), Linnea, Adela, Olivia, Anna, Ovidia, Sarah, Ingebjørg, Beate, Viktoria og Vilja heilt bakerst.
Den kjekkaste aktiviteten for ungane, det var kø frå start til slutt. Lena, Oda (på hest), Linnea, Adela, Olivia, Anna, Ovidia, Sarah, Ingebjørg, Beate, Viktoria og Vilja heilt bakerst. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 3 av 13
Mykje folk og fint vêr.
Mykje folk og fint vêr. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 4 av 13
Kjekt med biletrebus.
Kjekt med biletrebus. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 5 av 13
Konferansier Cato Thorsen og Gerd Jorunn Christensen, leiar av arbeidsgruppa for LivOGLyst i Auklandshamn.
Konferansier Cato Thorsen og Gerd Jorunn Christensen, leiar av arbeidsgruppa for LivOGLyst i Auklandshamn. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 6 av 13
Madeleine Lien (t.v.)og Marlene Tverfjell
Madeleine Lien (t.v.)og Marlene Tverfjell FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 7 av 13
Anne Skogland, Thor Jostein Jacobsen, Wilhelm Jacobsen, Unni Storesund Mokleiv, Solbjørg Jacobsen. På huk framme sit Pernille Føyen, og guten er Bernhard.
Anne Skogland, Thor Jostein Jacobsen, Wilhelm Jacobsen, Unni Storesund Mokleiv, Solbjørg Jacobsen. På huk framme sit Pernille Føyen, og guten er Bernhard. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 8 av 13
Kaka blei oppeten. Den var bestilt på Haugli.
Kaka blei oppeten. Den var bestilt på Haugli. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 9 av 13
Ordførar André Mundal Haukås.
Ordførar André Mundal Haukås. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 10 av 13
Bakerst: Kirsten Jacobsen, ved veggen: Gunnbjørg Stueland, Solbjørg Jacobsen og Wilhelm Jacobsen. Ved bordet frå venstre: Else Nilsen, Marie Eriksen og Solveig Økland.
Bakerst: Kirsten Jacobsen, ved veggen: Gunnbjørg Stueland, Solbjørg Jacobsen og Wilhelm Jacobsen. Ved bordet frå venstre: Else Nilsen, Marie Eriksen og Solveig Økland. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 11 av 13
Richard Jacobsen (t.v.) og Sigurd Økland.
Richard Jacobsen (t.v.) og Sigurd Økland. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 12 av 13
Frå venstre Camilla Fagerland Tverfjell og Anna på føysa. Hanne Elisabeth i bakgrunn på mobil. Camilla Solsvik og Olivia på føysa. Signe Vestvik ved vogna.
Frå venstre Camilla Fagerland Tverfjell og Anna på føysa. Hanne Elisabeth i bakgrunn på mobil. Camilla Solsvik og Olivia på føysa. Signe Vestvik ved vogna. FOTO: Erik Lie JohannessenBilde 13 av 13

Vellukka start på LivOGLyst i Auklandshamn

Fleire enn 100 møtte opp på skuleplassen på Auklandshamn skule då ordføraren offisielt opna LivOGLyst i Auklandshamn søndag 21. april.

Vêrgudane spelte på lag, så det blei ein flott familiedag i strålande sol. Det var god mat, både thaigryte og pølser, og det var berre smular igjen av den store kaka.

Mange aktivitetar

Det var aktivitetar for borna, mellom anna biletrebus og hesteriding. Og det var lang kø for å få ri på dei to fjordingane som tolmodig gjekk rundt med ungar på ryggen.

For dei vaksne var det quiz, og dei fekk også nokre spørsmål både om kva som er godt med å bu i Auklandshamn, kva dei sakna og kva dei kan bidra med.

Innbyggjarane og samhaldet

Svara var mange, og dagens konferansier, Cato Thorsen, las opp nokre av svara. Det kom fram at det er mykje positivt med å bu i Auklandshamn, nærleik til sjø, fin natur, skule og aller viktigast: innbyggjarane og samhaldet.

Det mange saknar er butikken, og mange saknar fleire sosiale møtestader, spesielt for ungdommen, men og for andre aldersgrupper. Det kom også andre innspel, mellom anna badstu, volleyballbane, padelbane, gatelys og meir.

Nytt arrangement planlagt

På kva ein sjølv kan bidra med, var det mange som svarte at dei kunne stille på dugnad, at ein kunne vera aktiv i lag og organisasjonar og å framsnakka bygda.

No skal komiteen sjå på alle innspel før me fortset, men det er allereie planlagt eit LivOGLyst-arrangment for born søndag 26. mai. Meir info kjem.

Arbeidsgruppa for LivOGLyst i Auklandshamn
Solfrid Hjortland Kinn, Frode Stølås, Leif Eivind Bjelland og Gerd Jorunn Christensen