Det er Friidrettsgruppa i Sveio Idrettslag som er arrangør, og med god hjelp frå foreldre i allidrettsgruppa med fleire gjekk det heile fint føre seg i år også.
Maren Kristine Lye Bårdsen er leiar i friidrettsgruppa. Ho oppsummerer arrangementet som vellukka.
— Det har gått over all forventning, smiler ho etter at dei siste deltakarane har passert målstreken.
Då første pulje blei sett i gong var det solgt 190 startnummer, og truleg kom det nokre til heilt på tampen, slik at det var rundt 200 spreke ungar i løypene. Det er ny deltakarrekord for lågterskelløpet.
Mellom 15 og 20 vaksne møtte nokre timar før start for å rigga kafé, påmelding, løyper og liknande, og var med på sjølve arrangementet. Mange hadde også baka kaker, og den uvurderlige seniorgruppa stilte også med mannskap. Arrangøren takkar alle som har bidratt til at dette blei ein kjekk dag!