http://www.freepik.com
Nettopp i år, kor mange ikkje får oppleve mangfaldet og inkluderinga gjennom Haugaland Pride, er det ekstra viktig med den symbolske handlinga flagging på rådhus er, skriv innsendarane. FOTO: Freekpik.com

Heis regnbogeflagget 27. juni!

Våre kommunar skal vere ein god stad å bu, leve og jobbe for alle – uavhengig av legning eller kjønnsidentitet. Då treng vi å vise at vi står saman og heier på mangfaldet ved å flagge med regnbogefargene våre.

I år kan vi ikkje gå i tog for å vise støtta vår, solidariteten eller den pure gleda for det fargerike mangfaldet av legningar og identitetar på Haugalandet. Regnbogen blir ikkje den same på grunn av korona-viruset. Det bør ikkje bety at vi skal vise mindre støtte til alle våre innbyggjarar.

Det er framleis slik at unge opplever det som utfordrande å stå fram for skulekameratar og foreldra sine. Vi veit at det er mange som ikkje tør å vere seg sjølv og som treng at vi ser dei. Vi må alltid stå opp for retten til å leve sitt eige liv. Fridomen til å elske den ein elskar, må vi ta i vare for alle. Ingen er nemleg fri før vi alle er frie.

Framleis er dessverre «homo» det mest brukte skjellsordet i skulegarden, og altfor mange opplever negativ sosial kontroll heime eller i kyrkjelyden. Som politikarar er det vår jobb å markere at vi ikkje aksepterer at nokon blir hindra frå å leve sine liv slik dei er skapt og slik dei ønskjer. Det er vår jobb å leggje til rette for gode liv til innbyggjarane våre. Det krev at vi er tydelege på at alle er velkomne her hjå oss.

Nettopp i år, kor mange ikkje får oppleve mangfaldet og inkluderinga gjennom Haugaland Pride, er det ekstra viktig med den symbolske handlinga flagging på rådhus er.

Nettopp i år, kor ingen heller kan reise til storbyen for å feire pride, må vi leggje til rette for at alle kan oppleve den same inkluderinga på andre måtar.

Flaggstengene ved rådhusa våre fortener å vise seg i alle dei fargene vi består av her i regionen. Det bør skje på vegne av alle dei som ikkje har følt seg velkomne opp gjennom åra, og på vegne av dei som er usikre på om vi vil akseptere dei. Høgre ønskjer å vise at vi stør den einskilde sin rett til å være seg sjølv, og til å elske den ein sjølv vil.

27. juni feirar vi landets største digitale Pride og samstundes går Global Pride av stabelen digitalt, der mellom anna statsminister Erna Solberg er med. Vi oppmodar alle regionen sine ordførarar til å følgje Tysvær, Sveio og Haugesund sitt døme:

Bidra til ein inkluderande feiring ved å flagge. Flagge for den lange kampen det har vore for at alle, uavhengig av seksuell legning eller kjønnsidentitet, kan kjenne at her føler eg meg heime.

Leiar i Sveio Høgre André Mundal Haukås, leiar i Opne Høgre Helge Ytterøy L’orange, Høgres gruppeleiarar Monika Lindanger (Tysvær), Lars Olav Bergsvåg (Etne), Line Ognøy Foss (Bokn), Tor Kristian Gaard (Karmøy), Harald Larssen Lønning (Haugesund)